mandag, juli 04, 2016

Dagbok 2016: 4.juli

Klokka er 17.45, temperaturen er + 18 grader C og det er opplett. Det har det stort sett vore i heile dag, med unntak av eit par regnbyger midt på dagen.
I dag var vi ekstremt tidleg oppe til oss å vere, men vi hadde avtalt å stå opp når vi vakna, og det gjorde vi.  Einar kom innom klokka 9.15, som avtalt, for at Nils skulle køyre han på flyplassen. Han er framme i Oslo - han og Audun skal reise til Hellas i lag. Bilen blir ståande her til Olaug jr. hentar den.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å vaske golv og ordne diverse soverom til gjestane kjem på laurdag. Eg likar å jobbe meg frampå litt. Onsdag skal eg til frisør så då går den dagen.....
Vi åt resten av fiskekakene til lunsj, og noko middag blir det neppe. Etter ein pause på sofaen var eg ute og jobba litt i hagen, mest for å få vere ute.Klipte litt kantar, hakka litt gras vekk frå tunet og flytta nokre bøtter med singel. 
Og så plukka eg bær. Vi har fått ein del jordbær i åkeren vår, så her går det i jordbær med fløte nesten kvar dag. Greitt nok for han som SKAL legge på seg.Det er ikkje mykje som modnast kvar dag, og vi har ingen ambisjonar om sylting og frysing. Her gjeld det å nyte !
I går var Nils i storform, og opplyste om at no var det slutt på at eg skulle klippe plenar etc. I dag har han ikkje vore i form, har lege på sofaen for det meste. Ikkje to dagar er like, men eg har vendt meg til det, vi prøver å gjere noko kjekt dei dagane han er bra.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...