fredag, juli 01, 2016

Dagbok 2016: 1.juli


Klokka er snart 20.00. Temperaturen ute er + 18 grader C, det er overskya, opphaldsvêr og herleg vêr å vere ute i.
I dag starta eg dagen med å ta helgavask på kjøkken og bad. Så var vi ute ei stund, sat på tunet og prata med folk som kom forbi. Innimellom flytta eg på litt singel m.m. Etter lunsj kvilte vi ei stund før vi reiste ut på Rjåneset for å sjå etter båten vår, og til ei anna hamn der Jørn sin båt ligg. Nils passar den båten også, mens Jørn er heime i Tyskland på ferie.
Eg hadde ikkje vore ut av tomta sida laurdag i førre veka, så det var kjekt å få seg ein tur. Eg gjekk ein tur på stigen mens Nils auste båten. Eg merka at det var lenge sidan eg hadde vore der, for mange av plantane som veks der var avblomstra. Då eg såg etter i boka der ein kan skrive seg inn, så eg at sist eg var der var 27.april.
Elles låg der ei redningsskøyte borte ved Raudøya - eit uvanleg syn i fjorden her.
Nils prøvde å fiske litt kattamat med stong, men fekk ingen ting. Han har mange besøkskattar. Den gamle PORTULGAL skjorta har han funne fram i høve EM.
Eg var innom Kiwi i sentrum på veg heim, det vart pizzamiddag i dag. Nils vart heilt gåen etter turen, og har sovna på sofaen, men vaknar nok opp att til fotballkampen







1 kommentar:

Hildegard sa...

Vakkert på Rjåneset. Kjekt at de kjem dykk ut på tur.
Eidabesta