onsdag, juli 13, 2016

Dagbok 2016: 13.juli

Klokka  er 22.20. Temperaturen er + 16 grader. I dag har det vore sid skodde, men stort sett opplett.
Føremiddagen gjekk fort og klokka 14.00 var nesten heile storfamilien samla på Hareid, hos Solveig og Øystein. Dei som mngla kom etter kvart som dei var ferdige på jobb.
Menyen var nydelig kjøtt suppe + diverse dessertar. Alt gjekk ned på høgkant.
Dagen gjekk med til kaffidrikking , prat og fotografering. Det er ikkje ofte det skjer at alle barn, svigerbarn og barnebarn er samla, så det var ein stor dag for oss. Kor mange fødselsdagar som vart feira er usikkert, men vi avgrensa det til alle som hadde fylt år etter påske.No er det pause i bursdagar til november.
I morgon tek Rasmus & Co på heimveg; Nils og eg reiser til Åse.

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Så flott at de fekk samla alle til eit felles bilde i sommarferien.
Eidabesta

Elin sa...

For ein flott gjeng, og tenk å kunne samle alle!

Besta sa...

Dei eldste barnebarna likar ikkje å bli "hengt ut" på sosiale media, så eg er litt forsiktig med det.(Har mange bilde frå den store dagen. Ikkje godt å vite kva tid vi kan samle alle igjen.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...