Klokka er 17.00, temperaturen er + 13 grader C , og det er skodde og regn. Surprise! Surprise!
Det var ikkje særleg oppløftande å sjå ut i dag, og ikkje fristande å fare nokon stad. Men ein kan ikkje sette seg ned og deppe heller, så eg fann ut at eg kunne bake litt til frysaren.
Eg plar alltid sjekke FB rett etter frokost, men i dag sette eg i gang med diverse kjøkkenaktivitetar først. Dermed las eg ikkje meldinga som Bodil hadde sendt meg, og mobilen min låg død på eit anna rom. Så Bodil fekk ikkje kontakt før ho sende melding på Nils sin mobil.
Dei skulle ein tur til Ørsta og ville stikke oppom til ein kopp kaffi.
Då passa det veldig godt at eg hadde laga to små prinsessekaker i staden for ei stor, slik eg plar gjere. Eg sjekka først steikomnen, og såg at eg hadde plass til to runde former før eg sette i gang.Det er kjekkast å sette heile kaker på bordet når ein har besøk.
Vi plar ikkje gjere det så høgtideleg når vi besøker kvarandre, det er no viktig å få tid til prat. Dei skulle no ikkje vere så lenge heller.
Slik vart ein grå og trist dag veldig koselig. Takk for besøket Bodil og Svein.
No ser eg at skodda kjem lenger og lenger ned. Det plar vere teikn på at vêret betrar seg.Det er von i hangande snøre.
I dag gjorde vi noko vi ikkje plar gjere; vi såg TV på dagtid. Skummelt med tunnelulykka. Vi har faktisk køyrt den tunnelen ein gong, og bror min køyrer der når dei skal på hytta. Ja, og så såg vi litt på Sommerbåten også.
I dag blir det fiskegrateng til sein middag, gjorde klart det meste tidleg på dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 19,april
Klokka er no 17.51, temperaturen på trappa er +13 graderC, og eg synest det har vore litt kaldt i dag, men det kan vere for at det har vore ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Kjekt å følgje Sommarbåten, spesielt no når det er i kjende trakter, bl.a. Stad, Florø, Sogn.
Legg inn en kommentar