torsdag, oktober 03, 2013

Dagbok 2013: 3.oktober

Klokka er snart halv sju. Temperaturen er +12  grader C. I dag har det også vore ein del sol, men mest skya. Fint er det i alle fall.Og haust. Det viser fargane i skog,fjell og hagar.
I dag var det første dagen denne veka vi ikkje hadde noko spesielt på programmet, og det var på tide å få gjort litt husarbeid. Eg bytte på sengane og vaska golv,vaska og hengde ut klede m.m. Støvsuge skal eg gjere i morgon. Nils hadde arbeid med å stelle med fisken. Kveita han fekk i går vog 10 kilo utan innmat og hovud.Å flå skatevingane var litt av ein jobb. Eg gikk ein tur mens Nils varma opp ball (klubb) frå mandag.
Etter det middagsmåltidet var eg i koma ei god stund, før eg hengde opp meir klede og tørka støv. Vil ikkje ha så mykje å gjere i morgon, for då skal eg på kafe med veninner.
Nils er på besøk hos ein venn som hadde med mandelpoteter frå Skjåk til oss. Han har hytte der oppe ogskaffar oss gode poteter.I morgon er det fredag igjen, ei veke går fort unna.
Leonardo da Vinci.

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...