onsdag, september 04, 2013

Dagbok 2013: 4.september

Klokka er 20.15, temperaturen er + 18 grader og vi har hatt ein fin dag, med lite skyer og mykje sol. Det kjem vel med, for i morgon skal det visst hølje ned.
Eg hadde tenkt å få mest mulig ut av denne dagen, nyte fineveret skikkelig. Ja, ja, det blei ikkje akkurat som eg hadde tenkt. Før middag gjorde eg litt husarbeid før eg stilte på styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00. Møtet varte til nærmare klokka 14,og då skulle vi ete middag.
Etter at vi hadde ete, skulle vi slappe av på altanen, men då skya det over.Etter vi hadde drukke kaffi, var dagen nesten slutt, men Nils ville gå seg ein tur opp i skogen. Dermed sette eg meg til å rippe bøker og strikke.
Hadde med meg to flunkande nye bøker heim frå biblio i dag+ framhaldet av den som eg nettopp har lese.(Eg hadde ikkje ærend på biblio i dag, men det er der vi har møte.) No har karane "børs" i garasjen vår, det er møteplassen deira. Det er ein av dei som har tatt bildet av rosa, sidan eg fekk problem med kamera.  -Og så har vi brukt opp enda ein dag.
 
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...