mandag, juni 10, 2013

Dagbok 2013: 10.juni

Klokka slo nettopp ni slag (21), ute er det nydelig vêr, men sola skin ikkje lenger her oppe hos oss. Temperaturen er +16 grader.Det var overskya til å begynne med i dag, men etter kvart kom sola.
Vi tok 9.30-ferja frå Volda og tok oss nok ein vedadag på Straumshamn. Det var godt arbeidsvêr, verken sol eller regn til å begynne med.
Skogen.
Nils var i skogen og saga sund bjørk nr.2 , mens eg begynte å kløyve det som var att etter bjørk nr.1. Det gikk som ein draum med den nye kløyvaren som vi hadde med oss i dag. Eg måtte ha litt hjelp med dei aller største kubbane, elles klarte eg meg sjølv. Var litt plaga med ryggen heilt frå begynnelsen av, men vart ikkje verre.
Då Nils hadde saga bjørka opp i kubbar, trilla han dei ned, av og til kan bratt terreng vere ein fordel.
Her trilla kubbane ned.
Vi tok 15.15-ferja heim att, Margrete kom på land i det vi køyrde om bord.Så vi fekk vinka til kvarandre. Ho og dei to yngste kjem hit i morgon, så vi får pratast då.Dei skal på fotballkamp på Åmdalen, og så skal ungane overnatte her; Margrete skal tidlig opp og sensurere neste morgon, og ungane har skulefri. Kjekt for oss å ha dei her.
Då vi kom heim, la vi oss på altanen og kvilte og sola oss. Middag åt vi seinare, hadde restar frå i går.
 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...