Klokka har passert 14.00, det er +7 grader C ute og det regnar og blæs. Litt av ein overgang frå alt finevêret vi hadde før jul. Men greitt nok når ein er inne.
I dag hadde vi faktisk ærend på apoteket, så vi tok ein tur på Amfi. Mat kjøpte vi ikkje i dag heller.
Eg hadde eit ærend på strikkebutikken, for i mangel på anna arbeid starta eg på eit nytt lestepar i går, til tross for at eg hadde altfor lite garn. Det skulle eg kjøpe i dag. Det var berre det at no hadde dei ikkje meir av den sorten. Men eg fann fint lestegarn på sal, så eg kjøpte to store buntar-no angrar eg på at eg ikkje tok alle fire dei hadde att.
Eg hadde sett meg ut eit gensermønster på nettet, og vi fann det i ein perm dei hadde, men sjølve mønsterheftet var utselt. Så får eg strikke lester mens eg ventar på at dei skaffar mønsteret.
Før jul skulle vi kjøpe oss kaffimaskin, men då sa dei at vi måtte vente til romjula for då skulle dei ha ei bra maskin på tilbod. I dag hadde dei den, og etter litt plunder fekk vi den til å virke. No har vi så mange duppedittar på kjøkkenbenken at der er lite arbeidsplass att. Men set ein saker og ting inn i skapa, blir dei ikkje så mykje brukte. Det er ei erfaring som eg har gjort.
Nils er i garasjen og fileterer sei, han er visst innstilt på å fryse filetane, så då slepp eg å lage fiskemat denne gongen. Dessutan er det så fullt på kjøkkenbenken!!!!!!!!!!!!!!!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Gratulerer! Lurt med ei slik kaffimaskin, spesielt når ein berre skal lage eit par koppar.
Ja, eller om berre ein av oss treng ein kopp. Ein TRENG vel strengt tatt ikkje ei sånn maskin, men det kan vere "kjekt å ha".
Legg inn en kommentar