mandag, november 19, 2012

Vêrmelding 19.11. 2012

Klokka har passert 19.00. Ute er det overskya og litt regn, som vanleg. Temperaturen er + 5 grader C.
Nils for på sjøen før eg var oppe i dag. Han måtte sjå til båten før vi reiser, og så fiska han litt med det same. Han fekk både småsei og litt større fisk. Mesteparten av filetane blir vel med til Kongsberg.
Eg gjorde ein del husarbeid mens han var vekke, og då han kom heim laga eg fiskesuppe. Venta Bodil og Svein på snarvisitt, så eg tenkte det kunne vere godt med litt fiskerelatert mat i tillegg til kaffi og kake.
Det var kjekt med besøk, som alltid.
Etter at dei reiste vart det ei stund med lydbok på sofaen, før eg sette i gang med meir husarbeid i form av rydding og vasking. I morgon skal eg til frisør, så då blir det ikkje gjort så mykje. Må ha meg ein butikkrunde også. Veit ikkje om vi reiser torsdag eller fredag.
No har Nils reinska opp fisk så eg skal prøve å lage fiskegrateng, trur det er mange år sidan sist. 
PS: Kan nokon forklare meg kvifor alle "kommando-orda" på bloggen min brått har blitt endra til engelsk?

4 kommentarer:

solveig sa...

Min blogg har også blitt engelsk og funksjonen som viser dei siste kommentarane er vekke. Det siste synest eg er dumt, for då er det ikkje sikkert eg oppdagar det om folk kommenterer gamle innlegg.

Hildegard sa...

Takk for fantastisk god fiskesuppe!

Besta sa...

Kjekt at de kom på besøk. Det må de gjere ofte!!!!!

Elin sa...

Du må legge ut oppskrifta på suppa! Søndag debuterte eg med hjortesteik, den nye kjærasten våga å ha med seg denslags hit, og resultatet vart veldig godt. Ja, du veit vel at Jostein ikkje et hjortekjøt, påstår han ikkje likar det, men det er minst like mykje prinsipp, trur no eg!
Av og til får eg engelske bloggar på norsk, utan at eg vil det. Det lever visst sitt eige liv.
Då ønskjer eg dokke ein god tur austover, det blir vel kjekt!

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...