Klokka er ca 19.30, temperaturen +7 grader og det er regn og grått. Men heller det enn at det kjem mykje snø og kulde så tidlig på vinteren.
I dag har vi vore på Kulturhuset for det meste. Før middag var vi ned og dekka borda og gjorde klart til møtet som tok til klokka 16.00.
Vi var heimom og åt oss ein god middag av restar frå måndag. Det var nesten så eg angra etterpå,vart litt tung i sessen.
Møtet gikk knirkefritt og greitt på alle måtar. Representantar frå Sparebank 1 var der og delte ut premiar til dei som er med på "Den gylne spaserstokk". Dei hadde også med seg eit heilt orkester frå FOLKESTAD som kallar seg "Caféensemblet"- dei spela gammaldags New Orleans-jazz. Leiaren, som også song, meiner eg å ha høyrt i Kilsfjord kyrkje.
Mange av pensjonistane er i Spania i lag med Seniordans-gruppa, men det var bra frammøte likevel. Eg skal skrive referat i morgon, så det skal eg ikkje gjere her og no.(Føler at det var det eg hadde begynt på.)
Det har altså ikkje vore feiring her i dag, men vi tek det att til helga. No kjenner eg at eg må kvile hovudet mitt, har det med å bli sliten når det blir mykje lyd.(/Tinnitus!) No regnar det noko voldsomt ute.
Bildet: Dette er eit gammalt "lysbilde" frå Trovågen som eg har prøvd å fikse litt på. Fargane var så å seie vekke.
14.november 1936 vart Nils fødd i dette huset.Det var ikkje aktuelt å reise til sjukehus for å føde den tida, for folk som budde ute i periferien. Huset var nyss ferdig og familen på tre hadde flytta inn før vesleguten kom til verda.Først i 1956 fekk dei elektrisk lys, og i mellomtida hadde enda to gutar kome til verda i kammerset.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
+(2).jpg)
2 kommentarer:
Gratulerer Nils med dagen! Kjekt å sjå gamle bilder.
Artig å sjå hesene på den vesle myra. Det er slik eg hugsar det.
Legg inn en kommentar