lørdag, oktober 20, 2012

Vêrmelding 20.oktober - 2012

                         Utsikt mot dei gamle gardshusa.

Klokka er no 18.15, Temperaturen ute er + 9 grader C. Det er overskya og litt regn av og til.
Vi hadde ingen planar for dagen i dag, men eg hadde lyst på ein biltur, mest for å få sitte og varme ryggen min i det elektriske bilsetet.
Vi bestemte oss for å ta ein tur i Markane, der nokre av naboane våre har kjøpt eit småbruk og bygt seg nytt hus. Vi var sjølvsagt litt nysgjerrige. Etter litt pluder fann vi fram og fann folket heime i fullt arbeid, dei har gjort det meste sjølve. Ganske tøft av to pensjonistar ! Vi fekk full omvisning både ute og inne, men eg tok ikkje bilde inne. Dei reknar med å kunne flytte inn før jul. Nydelig natur var der, og fint turterreng, så eg trur dei kjem til å trivast der. Der var alt i alt 9 hus på garden, dei fleste uthus og driftsbygningar. Mykje kjem dei nok lit å rive, men noko skal stå att.
Og her ligg det nye huset. Vegen som går opp til huset held fram som skogsveg lenger oppe.
Vi hadde ein fin tur gjennom mange tunnelar både fram og tilbake.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Det nye huset ser verkeleg lekkert ut! Kjekt for dei med skogsveg rett utanfor huset.

Besta sa...

Der var virkelig fint og trivelig, og huset var fantastisk inni. Det gamle, gule huset skal rivast, men løa vil dei ha. Sissel blei så glad fordi eg oppklara kvifor ho likte terrenget så godt. Det minner om eit landskap vi begge kjenner frå Eid.Nemlig.

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...