mandag, oktober 15, 2012

Vêrmelding 15.oktober - 2012

Klokka er 22.15, temperaturen ute er + 2 grader C og det har vore nok ein fin dag.Det var litt skya då vi stod opp, men det klårna etter kvart.
Eg brukte føremiddagen til å støvsuge og lage middag. Sidan Margrete og dei to yngste er hos oss annakvar mandag, blir det litt meir matlaging då enn elles. I dag laga eg ball, eller klubb som vi seier i Nordfjord, med mykje godt tilbehør.Det var knokar, stripete flesk, steikt bacon, rabbe (kålrabi)+ noko som ikkje er heilt vanlig her , rømme med sukker på (i staden for sirup).Det er ca 6 timar sidan vi åt, men eg er framleis like mett. Åt ein ball for mykje føler eg på.
Då eg hadde dekka på bordet, kom eg på at eg hadde eit fat som stod til serviettane, berre sjå ! Fatet var sjølvsagt ikkje tomt då det vart sett på bordet for alvor. Måtte ta av to tallerkar fordi dei to eldste barna ikkje var med. Elles passa det ikkje med lys når sola skin, og blomster hadde vi ikkje plass til! 
Etter kjempemåltidet har eg stort sett ikkje gjort noko, men fekk tid til ein liten luftetur før gjestane kom.
Nils har jobba i hagen i dag, har ikkje vore og studert resultatet enno.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Det var nok ein nydeleg middag. No fekk eg lyst å lage ball, eller komle som det heitte i min barndom i Sunnfjord.
Her har vi no fått regn og ruskever. Men unner dykk godver som eg ser de no har fått.

arieldog sa...

Det var fantastisk godt, men vi vart ikkje akkurat energiske etterpå. Takk for måltid og service :)