torsdag, september 27, 2012

Vêrmelding 27.september - 2012

                           Hødd er i finalen !
Klokka er snart 21.30. Ute er det stort sett opplett og +7 grader C. Elles har det vore regnbyger i dag.
Etter at eg hadde gjort diverse husarbeid før middag, som vanlig, reiste vi til Hareid. Karane reiste til Høddvoll i god tid før kampen, for det vart trangt om parkeringsplass. Solveig og eg vart verande heime, men vi hadde på TV og følgde sånn halvveges med. Dvs. vi såg når dei begynte å hoppe, og sjekka kva farge dei hadde på draktene.Men då det lenge var 1-1 begynte vi å frykte for ekstraomgangar, derfor var vi glade og letta då Hødd etter kvart fekk eit solid overtak. Eg er absolutt ikkje interessert i fotball, men synest det er veldig artig at eit lag her frå Nord-Vestlandet skal til cupfinalen. Som Gunda skreiv på FB er 25.november ei høvelig tid til juleshopping i Oslo. Så kanskje skal eg begynne å interessere meg veldig for fotball ei tid framover?
Bildet over er heilt tilfeldig valt frå ei avis, eg kjenner ingen av gutane.
Det vart god middag hos Solveig etter kampen, og kaffi etterpå. Og så måtte karane sjå opptak frå kampen på TV..... Ja, Øystein kjenner vel dei fleste spelarane, så det er ikkje så rart. Einar fekk vi ikkje sjå i dag, han skulle skrive for to aviser, så han har vel nok å gjere heile kvelden.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg kjenner eine guten ... No har også journalisten fått seg middag. Ein travel dag for han,ja.

Besta sa...

Gløymde å takke for oss på bloggen, så du får ta imot takka her.