Klokka er snart 19.30, temperaturen er + 16 grader C og det har vore nokre få regnbyger. Veret er ikkje så hustre som det har vore, og i morgon er det meldt sol.!!!!!!!!!!
I dag har eg vore relativt passiv. Før middag baka eg brød, og etter middag har eg vaska kjøleskapet, så eg har ikkje mykje å skryte av.Men litt er betre enn ingen ting, seier eg.
Nils fekk reparert hjulet til Margrete og var inn og fekk plassert det på bilen. Så får vi håpe det held til den nye bilen kjem.
I dag er det første "Hundedag"- og hundedagane varer ein månad. Det vart sagt at dersom dei begynte med godver, skulle dei slutte med dårlig ver- og omvendt. I gamle dagar trudde dei at hundestjerna (Sirius) var årsaka til at det vart ekstra varmt (?) denne tida. Og denne varmen kunne gjere hundane galne.
Elles har eg sjekka veret på yr.no og København har beste veret i heile Skandinavia.
No har eg hatt eit lite avbrekk sidan EM -kusina mi- ringde. Veldig hyggelig! På TV er det fotball.Som vanlig.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 25.april i dag.
Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
3 kommentarer:
Eg har berre ein kommentar til veret: Viss det held fram sånn, så treng det ikkje skine opp til skulestart.
Men eg har tru på dei neste to vekene ...
Inn med regn og ut med væte, seier dei her i Gloppen, det lovar vel ikkje heilt godt...
Legg inn en kommentar