fredag, mai 11, 2012

Vêrmelding 11.mai - 2012

Klokka er ca 21.30, ute er det regn og grått. Temperaturen er +5 grader C. Heldigvis er det meldt opplett og litt sol i morgon. Vi gler oss til den store dagen.
Før middag i dag var eg til frisør, etterpå var vi alle tre på Amfi og handla litt. Så prøver vi å bere ut i bilen det vi skal ha med i morgon, så ingen ting skal bli gløymt. Eg har "pynta" eit par kaker (legg merke til hermeteikna ) kakene mine plar smake betre enn dei ser ut.
Til middag i dag hadde vi herlig salta lange, og for å gjere det til ekte Sula-middag blei det også risengryn- melkesuppe med rosiner. Eg er mett enno!
I dag vil eg gratulere Bjørg med dagen, dei ferierer for tida på hytta på Leikong.
Eg skulle ønske at dei rundt omkring kunne spreie konfirmasjonane over fleire laurdagar/sundagar i staden for å ha to på ein dag.Det ville vere bra både når det gjeld gjestar,vertskap, selskapslokale m.m. Men no er det siste gong på Hareid. Litt vemodig er det.

2 kommentarer:

arieldog sa...

No fekk eg lyst på risengrynssuppe. Det er godt!

Besta sa...

Kan no bli råd med det ein gong.

Dagbok 2024: 15.november

Klokka er no 19.42, det er + 10 grader ute og det regnar. Ja,ja, alt er betre enn snø. Sidan det er fredag i dag, vaska eg fredagsvask. Det ...