mandag, mai 07, 2012

Bok nr.19 - 2012: Borte

Eg sit her litt som eit spørsmålsteikn etter å ha lese ferdig denne boka. Det er noko er ikkje har fått med meg, så eg lyt nok ta for meg nokre av platene igjen.(Det hadde vore enklare å finne fram i ei papirbok.)
Elles så likar eg Mo Hayder sine bøker, dei er det eg vil kalle fokusert krim, her er ikkje mykje utanomsnakk. 
Bøkene hennar er nokså røffe, på randa til det groteske, men denne er ikkje den verste. Dei fleste bøkene inneheld spennande dykker-scener;  her dykkar ikkje Flea i vatn, men tek seg inn ein trong tunnel. Eg hadde litt problem med å sjå for meg denne tunnelen, så her skulle eg ha drive litt research.
Las på nettet at dei meiner dette er Mo Hayder si beste bok. Det vil ikkje eg uttale meg om. For dei som ikkje har lese noko av denne forfattaren før, vil eg anbefale å starte på første boka. Med alle slike bokseriar er der personar som går att frå bok til bok, og det er lettast å bli kjend med dei om ein startar frå begynnelsen.
Opplesaren er eg ikkje heilt nøgd med. Han les somme tider litt fort og utydelig (for meg) og så varierer han stemmen for mykje. Alle som har erfaring med å somne med lydbok på øyret veit korleis det er når opplesaren brått set i å rope.Eller eventuelt plystre eller synge.
Seinare: NO har eg lese slutten om att, og eg fann ikkje meir enn det eg hadde fått med meg.Eg var litt skuffa over at oppklaringa ikkje var meir finurlig, så eg trudde eg hadde oversett noko.Det hadde eg ikkje.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 15.november

Klokka er no 19.42, det er + 10 grader ute og det regnar. Ja,ja, alt er betre enn snø. Sidan det er fredag i dag, vaska eg fredagsvask. Det ...