søndag, april 08, 2012
Vermelding 8.april 2012
Klokka er 15.15, temperaturen er + 7 grader. Det er overskya med små snøfjom i lufta.
Vi har halde oss inne i dag også, utelivet fristar ikkje. Eller så er det pur latskap.
Eg har styrt litt med opprydding av matrestar, litt klesvask etc. Men vi sette oss faktisk framfor TV og såg påskegudsteneste. Det var frå ei veldig fin kyrkje.
Til middag i dag vart det restar. Elles så går vaskemaskina og tørketrommelen på skift, mens eg prøver å lese i lydboka mi utan å dette ut altfor ofte. (Eg er ikkje heilt god i hofta i dag, så eg ligg på sofaen innimellom. Kanskje det vert endring i veret?)
Fekk melding frå Rasmus for ei stund sidan, då var dei heime i Kongsberg og alt stod bra til.
Så vil vi gratulere Mimi med dagen i dag. Det er 8 år sidan eg var i Sula. Då var vi der for å feire fødselsdagen hennar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
http://olaugsinmatblogg.blogspot.com/
Legg inn en kommentar