Klokka er no 13.15. Temperaturen ute er + 4grader C, det er lettskya og fint, men ikkje så strålande som det var for ei stund sidan. Det vart snømoking på karane i gata i dag også, men Nils finn det ikkje umaken verd å starte opp fresaren. Snøen minkar for på denne årstida, men det er litt synd for alle dei fine krokusane som no blir heilt øydelagde. Rasmus med familie tok seg ein tur til Vik i dag, så her vart brått så tomt og stilt. Eg driv og lagar mat, som vanlig, i dag skal vi ha Mulligatawnysuppe etter Gunda si oppskrift. Eg antyda at den er litt sterk, sidan den er indisk, men dei vaksne har vore i India, og har sikkert smakt det som verre er. Gutane et den ikkje uansett. Eg serverer ris ved sidan av, så då blir det noko dei likar også. I morgon blir det Hareidstur på familien. Nils og eg vel å vere heime denne gongen, vi traff jo alle sist sundag. No skal eg ta opp høna og kjøle den av, før eg rensar kjøtet. Vi får håpe smaken blir som den skal vere. HOT.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar