tirsdag, april 10, 2012

Vermelding 10.april 2012



Klokka er allereie 17.45. Temperaturen er + 10 grader og sola skin. Det gjorde ho også tidleg i dag, men så skya det over og det kom regn.
I dag skulle vi på Seniorkino, det var litt trøbbel med teknikken, men kinosjefen meinte det skulle vere i orden til kl.13.00, men då vi kom ned var kinoen avlyst. Vi hadde avtalt å møte Margrete på biblioteket etter kinoen, så vi brukte tida i mellom til å handle og eg var sjølv på biblio og lånte bøker. I dag fann eg tre lydbøker som såg svært lovande ut, m.a. ei flunkande ny Mo Hayder-bok. Då eg seinare skulle rippe bøkene, fann eg ut at CD 6 mangla i Hayder-boka, men der var to eks. av nr.9. Ei av bøkene hadde eg lese før, så det vart ein liten nedtur.Ei bok har eg i alle fall å begynne på, etter at eg no har lese ferdig "Den døende detektiven", som eg skal blogge om litt seinare.
Margrete kom og viste fram ei gardin ho hadde lånt med seg heim. Ho ville berre ha klarsignal frå meg før ho bestilte dei. Og det fekk ho. Gardinene var kvite og lette, trur ho blir fornøgd med dei.
Har vore plaga med rygg og hofte i dag også, men eg håper det går over.Snøen smeltar vel litt etter kvart, og vi får betre ver og temperatur, men fort går det ikkje.

Ingen kommentarer:

dagbok 21024:27.januar

  Klokka er no17.13, temperaturen ute er +5 grader C,og i år har vi ei veldig grøn jul. Det er i grunnen greitt for meg,men når eg ser ut på...