søndag, mars 04, 2012

Vermelding 4.mars - 2012



Klokka er 13.30, temperaturen+ 8 grader, og det er overskya opphaldsver.
I dag var vi ute og skulle gå tur nokså tidlig. Vi køyrde fram i nupen og hadde tenkt å gå framover setrevegen, men der var for mykje snø og is. Så for vi bort til Hovdevatnet, der var også snø og is på vegen, men bert lenger borte, så vi vandra med freidig mot. Kom litt lenger enn sist vi var der, men ikkje opp på høgda denne gongen heller.(På grunn av snø og is, ikkje noko i vegen med dagsforma.)
Det har vore mykje skogrydding i området, og det er ein fordel. Den store dungen med tømmer som ligg tvers av Hovden møbelfabrikk har ingen ting med Dagmar å gjere, det er tømmer som er henta ut frå Ytre-Hovde åsen på vanlig måte. Sjelden med så mykje tømmer her på desse kantar. Nils han benka seg framfor TV for å sjå skiskyting, eg skal lage til litt mat.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg lurte på om det var noko spesielt med det treet, men ser at det er ein Røde Kors post! Fin dag i dag!

Hildegard sa...

Ut på tur - aldri sur, kjekt at de kjem dykk ut på tur i vårsola, men vinteren heng nok lenger i hos dokke enn her. Vi gjekk vår vanlege Malakof-Osvika tur i dag også, utruleg bra for blodsukkeret.

Besta sa...

Ja, ingen som ikkje har vore meir og handikappa kan forstå kor godt det er å kunne gå ein tur -utan å bli "sengeliggande" etterpå.

Besta sa...

Meir og mindre handikappa....skulle der stå

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...