Klokka slo nettopp to,dvs.at den er 14.00. Akkurat no er det bygeløye ute, men det er nokre fæle regnbyger vi har hatt i dag.
Føremiddagen i dag har gått med til grundig støvsuging etc. og så hadde eg ei lang handleliste. Vi reiste bort i Furene for å handle på den store Coop -butikken. Utvalet er ikkje større enn på Amfi, men der er betre plass. Greidde å fylle ei stor korg med matvarer etc., men vi har to kjøleskap og ørten frysarar, så det går nok bra.
Men vi hadde ikkje før kome i gang, så kom Nils på at han skulle på pensjonistkaffi på fabrikken klokka 14.00, så det var berre å betale og komme seg heim att. Vi hadde no tenkt oss på kafé blant anna, og eg hadde diverse ærend rundt omkring. Vi får sjå kva vi rekk etter at han kjem heim, dei plar ikkje vare så lenge dei årlige treffa.
2 kommentarer:
Du rekk vel å feire litt også? Gratulerer med dagen frå nr 14:-)
Takk for det! Lite feiring i dag. Stor feiring på søndag då den eldste av gutane til Margrete skal døypast. Han skal konfirmerast i mai, men vi har valt å feire dåpsdagen, då Solveig også har konfirmant i mai.
Legg inn en kommentar