torsdag, mars 22, 2012

Vermelding 22.mars - 2012


Klokka er 13.00, temperaturen ute er + 11 grader C, men det blæs og regnar.
Eg har styra på inne heile føremiddagen; har faktisk begynt å pynte litt til påske, påska er kort, så skal ein få tid å "nyte" pynten såpass lenge at ein føler det er nok, må den fram tidlig. Så har eg støvsuga, lagt i hop klede etc. slike ting som berre eg registrerer - når det blir gjort.
Nils derimot er ute og arbeider med slikt som alle ser, han driv nemlig og køyrer heim ved som han saga tidlegare. Eg er veldig glad at han er så sprek at han både fiskar og vedar, trur vi sparer mange utgifter på den måten, i tillegg til at vi har både fisk og ved så vi klarar oss.
På komfyren har eg to panner på kok, ei stor med erterstuing, som vi kokar i stort og frys ned i høvelige porsjonar. Og så hadde eg så mykje melk på lager at eg kokar graut til "middag" så får vi heller ha litt saltmat seinare.
Fekk masse løk til overs då vi la att rosebeddet nedanfor huset. Eg grov ei hole og fylte den med diverse løkar av alle slag, og no ser eg at krokusen kjem. Ja, eg grov ikkje berre ei hole, så det dukkar nok opp løkplantar både her og der- også i det attlagde rosebeddet.Berre kjekt det.Vi har ikkje fått raka ute enno, for det har lagt snø til denne tid. No er det bert.
Skal innrømme at eg ikkje har vore så bra i rygg og hofte etter den Moldeturen, men eg trur det går litt framover for kvar dag. Håper det. Men det er fryktelig irriterande å ikkje kunne gjere det ein har lyst til. Burde ikkje klage, det er mange som har det mykje verre.
I morgon f.m. skal eg på styremøte i pensjonistlaget, det første med det nye styret.
I går skreiv eg filmomtalen og så må eg høyre med avisa kva dag det høver å ta den inn. Det er litt uvisst kva dagar avisa kjem ut i påska. Har i alle fall fått bekrefta av kinosjefen at filmen "The best Exotic Marigold Hotel" skal gå på kinoen her den 10.april klokka 13.00. Eit fint høve til å ta seg ein Ørstatur for dei som er i nærleiken.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt når krokus og snøklokker kjem fram om våren.Ser at de også har berr mark.Det må no vere stor forskjell i år samanlikna med snøvintrane i fjor og forfjor.

Besta sa...

Ja, det er stor skilnad på snømengda i år og dei to siste åra. Likevel saknar eg litt skikkelig vinter med sol og snø, slik vi hadde if jor. Men vinteren treng ikkje vere så lang....