fredag, mars 16, 2012

Vermelding 16.mars 2012

KLokka er 17.00. Det er overskya og for det meste opplett. Temperaturen er + 9 grader C. Det er veldig fint ute, men i dag har eg hatt ein del å gjere inne.Eg har gjort unna såkalla "fredagsvask". Dvs. at eg har støvsuga, vaska og rydda det meste av "kåken". I tillegg har eg ordna i nokre papir etc., såkalla "kontorarbeid". 
Nils koka lettsalta lange til middag, og det er noko av det beste eg veit. Elles har han vaska bilen som ikkje såg ut etter å ha vore på langtur. Eg veit ikkje om det blir så mykje meir med meg i dag, har vondt i foten og hofta etter all trakkinga i Molde, men det er slikt som går over, så det er ikkje noko å bry seg med.
Begynte å lure på om det ikkje snart var "sommartid"-synest rett og slett det var på tide. For dei som ikkje har sjekka: Det er neste helg !
Så vil eg ønske alle ei GOD HELG.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg ønskjer meg sommartid heile året, men ikkje akkurat i overgangen ...

Besta sa...

Var glad det ikkje var "omlegging" veka etter, for å seie det slik.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...