torsdag, mars 01, 2012

Bok nr. 8 -2012 : Mellom sommerens lengsel og vinteren kulde.

Eg brukar sjeldan å google bøkene før eg les dei, heretter lovar eg å gjere det kvar gong! For no har eg enno ein gong gått i samme fella. ETTER at eg har lese boka oppdagar eg at eg er har hamna i ein trilogi.Og denne gongen er det verre enn vanlig. For ei tid sidan las eg ei bok av samme forfattaren som heitte "Faller fritt som i en drøm". Boka handla om Palme-mordet.
Så har eg lese denne boka, og etter at eg har lese den, går eg inn på Wikipedia og finn ut at dette er første bok i ein trilogi. Veldig festlig.
For at ikkje andre skal gjere samme flausa, her er trilogien:

1.Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde.
2.En annen tid,et annet liv.
3.Faller fritt som i en drøm.

Alle tre bøkene handlar om Palme-mordet, og eg skal innrømme at eg ikkje heilt forstår opplegget. Eg synest at bøkene blir litt langdryge, denne var på 16 CD-plater, og eg har det med å "dette ut". Har problem med konsentrasjonen.
Bøkene er glitrande godt skrivne i ein lett ironisk stil som kan minne om Paasilinna.Forfattaren brukar ord og vendingar som frydar språkhjertet mitt.
Denne gongen følgde eg mitt eige råd og laga ei "rolleliste" for å prøve å halde styr på alle personane.Her er ingen hovudperson i bøkene, men alle er i fokus kvar si stund. Forteljaren i bøkene er allvitane og allestads nærverande, han refererer ikkje berre kva alle seier, men også kva dei tenkjer(og det er ofte noko heilt anna.)
No har eg gitt ein del gode råd, men det beste rådet er å sjekke på Internett, for her er det lurt å ha litt kunnskap i botnen. Dette er ikkje bøker ein kan sove seg igjennom utan å miste tråden. No har eg lese nr.1 og nr 3 i denne serien, så eg trur eg let boka i mellom ligge, og heller prøver meg på ei av dei andre bøkene til forfattaren.
Såg dei hadde fleire på biblio. Stor honnør til Nils Nordberg som les lydbøkene.
Og kva skal eg lese no? No blir det Paasilinna, og bøkene hans er ikkje langdryge.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...