mandag, desember 05, 2011

Vermelding 5.desember - 2011


Klokka er no nesten halv fem, og vi er nettopp ferdige med middagen. Ute har det vore mykje ver i dag; ganske mykje tung, våt snø då vi stod opp, seinare regn og hagl og vind. No er det relativt rolig, og temperaturen er + 2grader C.Nils moka for hand i dag, mest fordi han hadde lyst å prøve kreftene sine, trur eg. Mens han moka styrte eg med diverse inne. Klesvasken som har hengt ute i dagesvis, fekk ein omgang i trommelen, slik at eg endelig fekk tøyet på plass.
Vi hadde eit skikkelig ærend til Volda i dag. Var bort på slaktarbutikken til Jacobsen og kjøpte reint, beinfritt oksekjøt. Brukar å lage halvferdig ei gryte med Biff Stroganoff, som vi serverer til familien 2.juledag. Godt alt som er gjort. 
Dessutan måtte eg ha litt meir garn, for då eg talde over julelageret mitt i dag, fann eg ut at der var ein storleik som mangla.Og det er det jo noko å gjere med!
Så måtte vi innom Lefdal i Furene og inn på Coop, der det mellom anna var SMØR, men ikkje usalta. For skams skuld kjøpte eg to 1/2-kilos - pakkar, utan eg treng å bake av den grunn.På Mega på Amfi hadde dei også smør.Kjøpte 4-5 julegåver i dag også, men så vart eg så låk i ryggen at vi måtte heim. No har vi ete ein durabelig porsjon med steikt sei, så eg synest vi fortener ein pause.
I dag kan vi gratulere niesa vår, Anne Merete, med dagen. Ein gong for lenge sidan,bar eg henne til dåpen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...