fredag, desember 02, 2011

Vermelding 2.desember - 2011

Klokka er snart halv tre. Ute er det fint, lettskya ver, litt sol i fjellet og litt snø på marka.Temperaturen er + 1grad. Ja, det var såpass mykje snø i dag tidlig at plogen for her forbi, og Nils måtte moke vekk brøytekanten, før han for av garde ut på Rjåneset for å fiske. No driv han og kokar småsei til middag. Heldigvis har vi att ein liten klatt med Kvitseidsmør- det er eit must til fisk her i huset.
Eg har brukt føremiddagen til å vaske og støvsuge til helga, og så har eg stroke og hengt opp julegardiner på kjøkkenet. Sidan dei er i kvitt og gull er dei ikkje så veldig julete. Og  eg har lagt på ein nissevoksduk, så no har vi ei blanding av advent og jul i huset.
Sidan vi vakna grytidlig i dag, blir det vel ein middagslur etter eit relativt stot inntak av "levande pale"- the same procedure as everytime.
Ønsker alle ei god og avslappande smørlaus helg! Vi skal på ballettframsyning i morgon. Det er kjekt.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt de koser dykk med fersk fisk. Vi er glade for seien i frysaren, i dag vart det fiskesuppe. I morgon skal vi i bursdag til fadderbarnet på Stårheim og om kvelden kjem gullguten frå Os på overnatting. Ha ei fin helg.

Elin sa...

Trur det løner seg å gå tidleg på butikken, dei legg ut litt smør kvar dag, trur eg. I går var der ein pk smør på Prix, og då måtte eg jo kjøpe han, i tilfelle det skulle blir einn kakesort eller to i år og.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...