torsdag, desember 29, 2011

Vermelding 29.desember 2011

Bildet er tatt klokka 14.00.
Klokka er 15.00, temperaturen + 3-4 grader C. Det er overskya, skodde og regn. Vi har nettopp ete fersk sei til middag, med Tine smør setertype. Det smakte godt etter all kjøtmaten.Nils for på sjøen i dag før eg var vaken, og kom heim i 13-tida. Då hadde han fått nok fisk. Det skal sløyast og filiterast også, så det gjeld å ikkje fiske for mykje om gongen.
Sjølv blir eg veldig energisk og flink når eg er heime åleine. I dag har eg gjort grundig reint på kjøkken og bad, vaska og rydda kjøleskapet og støvsuga stova og gangane. Det var eit visst behov, for å seie det slik. Etterpå shina eg opp meg sjølv og vaska håret. Ikkje mindre behov for det, når sant skal seiast.
Som de ser på bildet har vi grøn jul, veldig ulikt slik som det var i fjor og året før der. No skal vi slappe av litt før det blir kaffi. Håper at alle etter kvart får att både straum, nett, TV og vatn.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her har det vore fotball i fokus.No er begge laga utslått. I går kveld serverte eg pizza klokka 23. Ein finnforskjellig når ein ryddar.

Hildegard sa...

Her vart det sein middag i dag, kokt seifilet med mandelpotet, Vita lett hjertego', Korni flatbrød og brokkoliblanding - godt det også. Fekk uventa kaffibesøk av kusina mi, Halldis frå Selje, og sonen hennar som er heime frå Oslo. Tidlegare på dag gjekk eg tur til Osvika og var innom Hilde på heimvegen.
Eidabesta

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...