Klokka slår akkurat tre i dag også. Temperaturen ute er + 4 grader, det er overskya og regn innimellom.
Hadde store planar for denne dagen, men det har ikkje blitt så mykje med meg. Har rettnok laga noko som skal forestille julebrød; dei vart noko utoversigne og lave-skulle nok ha hatt dei i former !
Til middag hadde vi fiskekaker og sildekaker som vi hadde i frysaren. Ikkje noko gourmet-måltid akkurat. Men godt alt som er vekk frå frysen.
Planen var å vaske håret og ta ein butikkrunde, så langt er eg enno ikkje komen, tvilsomt om eg kjem så langt. Men det er ein dag i morgon også...
Altså ikkje nokon overaktiv dag, men eg har i alle fall ei bra bok å høyre på; "Maya" av Isabell Allende. Og eg strikkar framleis lestar. Dagane er korte og nokså mørke. No skal vi ha ein kaffikopp, og smake ei skive av julebrødet med meierismør på. Kanskje får eg energi etterpå?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Maya skal eg og lese etter Vigdis Hjorth(?) som eg liker sogt til no.
Legg inn en kommentar