lørdag, juni 04, 2011

Vermelding 4.juni - 2011

Klokka er 16.30. Ute er det lettskya, delvis sol og litt vind.Det er fint ver, det er berre det at det er for kaldt, berre 12-13 grader, og vinden gjer at det kjennest kaldare.Vi prøvde å sole oss på altanen, men det vart for kaldt, enda eg til slutt låg med ei tjukk dyne over meg.No har Nils begynt å klippe plenen, og eg skal ut og plante og så litt, er forsinka med alt i år.
Før middag var vi ein tur nedover og handla. På Amfi trefte vi mykje folk vi kjenner, og det er tydelig at bloggen min har mange lesarar, for alle visste om kveitefangsten til Nils, og om "middagsselskapet" i går.
Ja, eg bestemmer no sjølv kva eg vil skrive om, så eg har kontrollen.
I dag blei det restemiddag, det var fiskebollane frå i går som gjekk med. Dei var gode, men litt for lite salte. Eg følgde oppskrifta nøye. Mi erfaring er at mange fiskemat-oppskrifter inneheld for lite salt, men det er nok dumt av meg å ikkje koke ein "prøvebolle".Det gjer eg aldri, orkar ikkje å smake fiskematen under laging.
No skal eg altså ut og så blomkarse, så får vi sjå om dei kjem i blomst før jul. Rosetrea som vi flytta, lever alle i beste velgående.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...