mandag, mai 09, 2011

Vermelding 9. mai - 2011

 Klokka er 12.15, veret er strålande og temperaturen + 25 grader C. Det vil seie full sommar. Kanskje er det denne sommaren vi får? Prøver å vere mest mulig ute så lenge fineveret varer. Har styrt litt i hagen etter fattig evne, men no blei det så varmt at eg måtte inn og kjøle meg ned. Før eg gikk ut pussa eg faktisk vindua på stova, innvendig.
Vi driv framleis og "forenklar" hagen, og i år er det lett å kvitte rosene i alle fall, mange er døde. Det tristaste er at den eg fekk frå Hareid i fjor ikkje lenger er liv i. Det er det same problemet over heile Ørsta; rosene er døde.Kjem ikkje til å plante så mange nye heller, det er eit ork å rense rundt dei.(I dag ser eg ut som om eg har tatt pirké.)
Lavendelen som eg fekk av Elin i fjor ser ut til å kome att, og pelargoniane som har stått i kjellaren heile vinteren er i fin form. Nils driv og jobbar med fiskereiskapar, han gjer klart for makrellsesongen, trur eg. I dag skal vi ha steikt lyr til middag. Ikkje meg i mot etter to dagar med kjøt. Kos dokke i fineveret alle som kan!

1 kommentar:

solveig sa...

Bygartnaren i Molde hadde visst uttalt seg om roseproblemet på radioen. Tidleg vinter var visst eit problem, ikkje nødvendigvis kulden, har eg fått referert.

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...