Dette er Liten kålsommerfugl. Når eg ikkje likar denne sommarfuglen er det ikkje på grunn av utsjånaden.
Grunnen til at han heiter kålsommarfugl er at han legg egg som utviklar seg til larvar på kålblada. Og som vi veit, har larvar ein glupande appetitt, også på kål. No dyrkar ikkje vi kål, men desse larvane trivst også fantastisk bra på blomkarse og det har vi i hagen. Somme år er blada på blomkarsen fulle av ekle larvar på baksida, og eg plar plukke vekk blada som er angripne-eit arbeid eg ikkje er spesielt glad i. Men å drepe sommarfuglar.......nei, det gjer eg heller ikkje. Det finst også store kålsommarfuglar, men eg meiner at dei som er her er små. Den mørkaste sommarfuglen på bildet er ho-sommarfugl, den heilt kvite er ein han.
2 kommentarer:
Der er syndaren! Eg klipper larvane i to om eg får ein sjanse ...
Larvane tar eg gjerne livet av, men sommarfuglar-nei!
Legg inn en kommentar