onsdag, mars 09, 2011

Vermelding 9.mars 2011


Klokka er no ca 13.00. Akkurat no er det opplett ute, og vi ser ein flik av blå himmel. Temperaturen er + 3 grader C.
I går var det meldt orkan og eg gledde meg til at vinden skulle få fart på snøsmeltinga, men så kom det berre litt pinglevind som ikkje gjorde verken til eller frå. Då vi stod opp i dag, snøa det trollkjerringar, og Nils måtte til å moke -igjen! I norsk folketru var det noko dei kalla Fimbulvinteren. Den skulle innleie verdens siste tid. Då skulle det vere sju vintrar etter kvarandre utan sommar i mellom. I dag begynte eg å lure. Men mens eg sit her og skriv skin sola inn på tastaturet. Så det er håp!
I dag har eg vaska og støvsuga m.m., for både i morgon og fredag skal vi på rek igjen.
Vi gratulerer Ingrid på Eid med 17-årsdagen i dag!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Ingrid har venneselskap i kveld med taco, familien feira på søndag.
Utruleg med denne snøen, no høyrer eg gubben startar snøfresaren...

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...