Klokka er 13.15,det er overskya, men opplett, og temperaturen er + 8 grader C. Fineversdagen i går blei brukt til møte på Bakk-Ola, så eg hadde håpa på ein soldag til, men trøsta er at det er mildare.
I dag har eg brukt føremiddagen til vasking og støvsuging, så er det gjort til helga. Det vart mykje sitting i går, og det er i grunnen det verste for meg, betre å vere oppe å gå og stå litt.Nils har moka altanen fri for snø og elles har han ordna med diverse fiskereiskapar.No skal vi steike oss litt fisk til middag. I går vart det så seint før styremøtet i pensjonistlaget var slutt at vi kjøpte frosenpizza med oss heim.
Blomstrane som eg fekk av Solveig til bursdagen har vore flytta ut og inn fleire gonger; veit ikkje kor mykje frost dei toler, så dei har stått i vindfanget om natta. No held dei på å skal sprette ut. Snøklokkene er framleis gøymde under eit tjukt snølag.
I dag har niesa vår på Eid fødselsdag. Eg skal ikkje røpe alderen hennar her, men eg hugsar godt dagen ho vart fødd. Den gongen budde vi på Raudeberg. Gratulerer med dagen, Audny!
1 kommentar:
Eg trur nok det er kaldare enn perleblomstrane liker det!
Legg inn en kommentar