Klokka er 16.00, og vi har nettopp ete middag.Det er opplett og ganske fint ver, men særlig fart i snøsmeltinga er det ikkje. Temperaturen er + 3-4 grader C. Vi kan så vidt sjå fjorden frå altanen, og i dag er den blank som eit speil, så stilt er det.Ein ting som er irriterande når eg skal ta bilde frå denne posisjonen er den tjukke telefonledningen som alltid er i vegen.
Vi var ute og gikk ein lang tur, dvs. den var ikkje så veldig lang i utstrekning, men vi brukte lang tid. Vi møter mange kjende som har like god tid som vi, og så blir vi ståande og prate. I dag møtte vi Gerd og Tor for eksempel.
I dag vart det spaghetti og kjøttsaus til middag, har ete "søndagsmiddag" fleire gonger denne veka, så det var greitt med litt lettvint mat.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Vi hadde og lettvint mat i dag, kjøtbollar frå førre coopkupp. Eg har rettedag: Ei klasse før - og ei etter middag.
For eit samantreff: eg hadde avisa frysaren, så vi åt diverse restar derifrå. Meir lettvint blir det ikkje!
Legg inn en kommentar