Klokka er ca14.00. Temperaturen er + 2 graderC, det er nokså skya, men i nordvest, over Nivane, er himmelen ganske blå. Det er i alle fall opplett. Vi har nettopp vore ein liten tur nedover og handla medisin, halspastillar, te etc. Nils er litt betre i dag, men langt frå frisk.Han sat i bilen mens eg handla. Eg er litt betre, men har takka nei til fødselsdagsselskap hos ei veninne i dag. Synest ikkje det er kjekt for nokon at eg skal sitte der å hoste og nyse.Margrete og ungane kjem innom i dag mens dei ventar på at jentene skal på ballett. I dag får dei såkalla brennsnut (betasuppe) ved kjøkkenbordet.Må gjere det lettvint når ikkje forma er på topp.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Nydeleg suppe! Litt av ein luksus å gå til dekka bord anten det no er på stova eller kjøkkenet.
Legg inn en kommentar