fredag, oktober 15, 2010

Vermelding 15.oktober 2010

Klokka er no snart 16.00. Det er strålande sol og +6 grader i skuggen bak huset. Sola varmar godt opp inne no når ho står lågt og skin gjennom vindua.
Sist natt fraus blomkarsen i beddet ved garasjen. Litt synd for dei begynte blomstringa seint i år. Heldigvis fraus ikkje pelargoniane som stod på trappa.Må vel til å ta dei inn om natta?
Nils sette ut liner i går og drog dei i dag. Han fekk ei lita kveite og ein del sei.Småseien går til naboar og til middag til oss sjølve.Den blir ikkje lagra i frysaren.
Mens Nils var på sjøen gjorde eg diverse husarbeid, mellom anna vaska eg ein vegg til på stova. Hadde ikkje såpe til meir, så eg måtte gi meg med det.
Margrete har køyrt på sommardekk til no, men i dag kom ho hit så faren fekk lagt på vinterhjula.Det kan vere glatt på vegane tidleg om morgonane.Nils vaska sommardekka før han sette dei vekk.
Og så fekk vi hyggelig besøk av Bodil og Svein som var ein tur på desse kantar.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Tusen takk for hjelpa! Og for pleddet, som har fått plass i godstolen :)

Hildegard sa...

Takk for ei koseleg kaffistund. Det vart gardinkjøp på Princess 30% før vi snudde nasen heimover. Då vi kom heim, var Kristoffer og Viktor her og monterte nytt trådløst multimodem frå Telenor.

Besta sa...

Koselig at de stakk oppom. De kunne gjerne ha vore lenger. Kjekt at de fann gardiner.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...