fredag, april 02, 2010

Vermelding 2.april 2010.

Klokka er 12.15. Temperaturen er + 10 grader C, det er skya, men sola held på å bryte gjennom.
Før eg vakna i  dag låg eg og drøymde om at eg stod på altanen og såg ned på berre markar, men det var berre ein ønskedraum.Vi må nok slite med snøen lenge enno.
Nils er ute og går tur, eg sit inne og strikkar på nye fiskevottar til Nils.Tova vadvottar med andre ord.

Dette bildet er frå 2.april i fjor, litt meir oppmuntrande enn i dag!

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Dokke har jammen ein del snø igjen i hagen. Her er det langt betre. Litt keisamt ver i dag. Ha ei fortsatt god påske!

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...