søndag, april 04, 2010

Biltur mot vår.

Dalsfjorden, sett frå Alida.

Hestehoven, Tussilago Farfara, blomstra i Alida.

Midt i dette bildet, som er tatt frå Sporstølen, kan de sjå Vallahornet, fjellet rett avafor huset vårt.Dette fjellet kan Margrete sjå frå Nautvika også.

Og dette er Ola-garden der vi budde i fem år 1965-1970.

I dag måtte vi finne på noko for å komme oss litt vekk frå dørene. Det vart ein biltur rundt Berkneset, der det knapt var snø å sjå. Men der vi såg Lauvstad og Dalsfjorden, men ikkje Nautvika der Margrete bur no.Det er på venstre side av Dalsfjorden slik vi ser han på bildet, men litt lenger inne.
Til slutt var vi ein tur fram i Melsbygda der vi budde dei fem første åra i Ørsta. Huset vi budde i er rive for lenge sidan og der står no eit fint nytt hus og ein diger garasje. Berre den gamle løa står att frå "vår tid".

1 kommentar:

solveig sa...

Eg fann berre ein hesthov på min tur. Visste ikkje at løa står der enno.

Dagbok 2024: 9.mai : Kristi himmelfartsdag

  Klokka er no16.47 , temperaturen ute er +10 grader, det har regna og  blése i heile dag; det var ikkje slik eg hadde tenkt at den ekstra f...