onsdag, januar 06, 2010

Trettandedag eller Heilage tre kongars dag.



I følge boka mi om gamle merkedagar, var dette ein viktig dag i gammal tid. I vår tid blir dagen gjerne markert med eit trearma lys.Trettandedagen var ein viktig merkedag  for ver og grøde. Viss det var klårver denne dagen, skulle det bli eit grøderikt år.Ein meinte også at slik veret var denne dagen, skulle det vere i 13 veker framover. Det kunne umulig gjelde Vestlandet? 
Personlig så har eg funne ut at det var ein grei dag å rydde ut jula på. Så no ligg nissar, lys og anna pynt vel forvart i kassar og skal vidare opp på loftet. Hadde eg no berre greidd å finne ut kvar eg har gjort av "kvardagslysa" som plar stå i stakane!
Elles så kavar eg med å oppdatere datamaskinene, og å halde orden på alle tekniske hjelpemiddel. I dag skulle eg lade opp i-poden, men så finn eg ikkje ledninga t.d. Og slik går dagane.Viss de som er unge lurer på kva eldre folk brukar tida til, så kan eg avsløre at mykje tid går med til å prøve å finne att ting som er lagt på lure plassar.

2 kommentarer:

arieldog sa...

13 veker med same vêr? DET gjenstår å sjå...

Besta sa...

Ja, som sagt, det kan i alle fall ikkje gjelde Vestlandet.Kanskje i eit anna LAND?

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...