onsdag, september 09, 2009
Lærerne.
I dag er det ny episode i "realityserien" om lærarane.No trur eg ikkje desse klippa er så ekte som vi har ein tendens til å tru.Det er nok ganske regisserte episodar, sidan det både er lyd- og bilde- folk stasjonert i klasseromma. Kanskje spelar lærarar og elevar om att hendingar som har skjedd før? Ikkje veit eg, men det er i alle fall interessant å følgje med; særleg den unge, urøynde læraren. Eg tippar at han får gode råd, jobbar med seg sjølv og får taket på yrket.Vi får i alle fall meir å diskutere både heime, på bloggen og på jobben (for dei som er der.)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 20 24: 3.mai
Klokka er no18.30, temperaturen ute er + 20 grader. Det har vore ein strålande dag, med sol frå klar himmel. Eg har vore her åleine heile d...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
7 kommentarer:
Han er det håp for! Han arbeider hardt, men treng rettleiing!
Etter å ha sett ein episode til, vil eg seie at problemstillingane er truverdige. Geburtsdagsfeiring utan å invitere alle, vert vel vanleg etter 10 år. Dei får kanskje lov til å invitere alle, men har kanskje eit agg i sida til ei eller fleire, eller veit at dei ikkje vil trivast/vil kome med kommentarar. For ni stykker skulle vere overkomeleg eit par-tre timar.
Bursdagar kan vere eit sårt tema. Eg syntest først det hørtest litt bak mål ut å snakke om jentemobbing som tema på kurs, men det verka faktisk interessant. Det dømet med jakka som vart flytta, var eit typisk eksempel på noko det er vanskeleg å oppdage på skulen.
Vi hadde den regelen på skulen vår, at viss dei ikkje skulle invitere alle, så skulle dei ikkje ha med innbydelsen på skulen. Det funka.
Jentemobbing er faktisk veldig infam somme tider. Eg beundrer henne med 6-åringane. Ho er flink!
Ja, ho verkar litt loslitt og kjedeleg, men òg grundig og gjennomtenkt.
Ho spelar no gitar!!!!Og så kan ho synge, to ting som kjem vel med i småskulen.
Enig med Besta, ho med gitaren er flink. Å vere så seriøs skaper tillit og respekt, trur eg. Ein lærar må nok vere ein god skodespelar óg? Har hatt gleda av å vere med Kristine nokre gonger og sett kor flinke lærarane er. Sjølvsat ein heilt annan situasjon enn då eg hadde småungar, men likevel....Eg blir meir og meir betatt av han nye læraren - trur han har framtida for seg.
Eidabesta
Legg inn en kommentar