søndag, februar 01, 2009

Kyndelsmesse.

I dag er det første februar, og i morgon er det Kyndelsmesse, ein viktig merkedag i gamle dagar. Eg har tidlegare fortalt at morfaren min spådde veret utfrå slike dagar. Dei som er interesserte kan lese kva det står i boka mi, så kan de kanskje få eit tips om kva de skal ha til middag i mogon, for eksempel.Veret overlet eg til meteorologane å spå,men det kunne no vere artig å sjå om dei gamle teikna hadde noko for seg.Her er det kaldare i dag, skodde i fjellet og opplett.
Ha ein god dag i alle fall



2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at du informerer oss om merkedagane. Mykje artig dei hadde føre seg i gamle dagar, før TV, data og mobiltlf. No har folk problem med å akseptere overnaturlege ting - som kanskje har si naturlege forklaring?
Eidabesta

Besta sa...

Eg hugsar at mamma nemnde Kyndelsmess. Eg trur det var ein viktig merkedag i gamle dagar.

Dagbok 2025:1.april

                                      Straumshornet og Sykkylvsfjorden Klokka er no 20.20,det er +11 grader ute og opplett, men eg har ikkje...