mandag, oktober 06, 2008

Heading.

No har eg endelig funne ut korleis eg skal lage meg høvelig stort bilde til overskrifta. Det er enkelt ! Rekn med at bilda kjem til å skifte ofte. Dette bildet er frå i dag. Eg gikk ut på trappa og sikta mot fjella. Desse fjelltoppane heiter Nivane og som de ser er dei dekte med eit tynt lag med snø. Slik er veret her i dag.
PS: Eg sende sundagsskulebildet frå 1946 til Fjordabladet og tilbaud meg å hjelpe med namn. I dag ringde dei før eg var oppe. Dei hadde prøvd å sende mail, men fått den i retur.Eg forstod det slik at bildet skulle komme i avisa i morgon.Så følg med!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Bildet kom i avisa. Koseleg.
Eidabesta

Dagbok 2025:1.april

                                      Straumshornet og Sykkylvsfjorden Klokka er no 20.20,det er +11 grader ute og opplett, men eg har ikkje...