mandag, august 11, 2008

Dagens fangst.


I dag tidleg då eg vakna, var Nils vekke, og eg fann ein lapp med "Fisketur" på bordet. Han var eigentleg ute etter makrell og det fekk han også. Men den artigaste fangsten var denne "nebbesilda" på 55 cm. (Det offisielle namnet er visstnok horngjel,men nebbsild er også brukt.) Trur ikkje det er mykje mat i den, men han har frose den og har den å vise fram. Elles er her veldig mykje nise i fjorden, men dei får ein vel ikkje på kroken?
Ein nabo kunne fortelje at før i tida turka dei nebbsild og hengde ned frå taka i hytta e.l. då kunne silda vise
vindretninga, så dei slapp å gå ut og sjekke.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at han kom seg ut å fiske mens veret var bra. Artig sild.
Eidabesta

STRIKKEMOR(O) sa...

Artig å få ein sånn raring på kroken!

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...