mandag, mars 10, 2008

Våren er komen?


Som de ser av bildet er det framgang i blomster- potta, men hårstrikken ligg framleis på trappa.Eg lovar at den skal vere vekke neste gong eg tek bilde!

Elles har Nils brukt fineversdagen så langt til sette motoren fast på båten etc., mens eg har vaska og rydda inne. Typisk, men berre vent til det blir litt varmare, då skal eg lage meg "seng" på altanen.
Det er heilt håplaust å vere inne slike dagar, for då ser ein meir støv enn det som godt er.
No håper eg at det snart blir fisk på bordet igjen, for frysaren er tom.
Rasmus med familie kjem til påske,det gleder vi oss til.Og så vil vi gjerne servere god fisk!

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...