lørdag, mars 01, 2008

Påske heile året.


Dette er eigentlig eit påskeservise, men her brukar vi det heile året. Då vi pussa opp kjøkkenet for 6-7 år sidan valde vi veggfarge som passa til serviset i hylla. I tilleg til det som heng på veggen ,har vi 4 koppar med tefat til, eggeglas og ei høne som ligg på reir oppå kjøleskapet. Dette er eit gammalt mønster som heiter Hahn und Henne, men butikkane har det framme før påske kvart år, gjerne på tilbod. Eg vil ikkje ha fleire delar til dette serviset, sidan eg ikkje har plass til fleire rundt kjøkkenbordet.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest dei er kjempefine, men så har eg vel vore med å kjøpe det!

Anonym sa...

Du snakkar om løkar og å føle seg dum - då må eg fortelje om meg og mannen som var på Lidl og handla. Eg vart freista til å kjøpe ei korg med ferdig utsprotne påskelilje-løkar til 29,90. Dagen etter oppdaga eg at vi hadde gløymt dei. Eit par dagar seinare var eg innom butikken og såg at dei hadde nokre igjen og spurde sjefen om eg kunne ta ei ny korg, hadde med meg kvitteringa. Han var litt tvilande, men sa OK. Då eg kom i kassa viste det seg at dei var sett ned til 19,90, dessutan var dei ganske turre og miserable dei som var igjen. Følte meg litt dum, sjølv om det var ein liten seier!

Olaug sa...

hei på deg! Sjekk bloggen min
Olla

Dagbok 2024: 4.mai

Dette bildet er tatt i dag.  Klokka er no 17.23, temperaturen ute på trappa er + 22grader C, sola skin og det har ho gjort i heile dag. Kjem...