fredag, mars 07, 2008

Ei tilståing.

Må berre innrømme det: Vi har vore gjennom tunnelen igjen!
Eg var til Volda og fekk smertelindrande sprøyter både i hofta og skuldra i dag.Sidan vi siste åra har vore til så mange kontrollar og behandlingar begge to, har vi fått til vane å finne på noko kjekt i tillegg.
Når vi er i Volda, brukar vi t.d. å ete middag på Kina-restaurant. Men i dag foreslo eg( som aldri skulle sette min fot i tunnelen) at vi like godt kunne gå på kafe i Ulsteinvik. Så gjorde vi det. Fann ein japansk-kinesisk restaurant på Blå Huset og fekk oss brukbar middag der.
I tillegg var eg på An Chri og kjøpte meg ein fin og tidlaus bluse.
Inn på Åse Dimmen ein tur var vi også. Det var ei dame der som var veldig hjelpsom, og då vi kom i prat viste det seg at ho hadde vore nabo med Margrete då dei budde i Hofsetråsa. Forstod det slik at ho budde i det blå huset. Kom meg unna med å kjøpe ein løpar i turkis til 150 kr. Lova å helse så mykje til Margrete.
Hadde tenkt oss ein snartur ut til Flø og sjå oss om der, men så hadde eg ikkje fotoapparat med, så vi sløyfa den turen i dag.
Til slutt hamna vi på Lidl og kjøpte mat.Der trefte vi Anders som brukar å vere på besøk hos Einar på Hareid.
I går kveld var eg i etterpåsyttiårsdag hos Margrethe K. i Volda. Det var hyggelig. Seks gamle kollegaer, tre av oss pensjonerte.Mykje å prate om som vanleg.Mellom anna tok vi opp diskusjonen om ros der også. Aktuelt tema for lærarar, foreldre og besteforeldre.

1 kommentar:

solveig sa...

Det er ikkje nokon lang vei frå Furene (når ein er i Volda likevel) til Ulsteinvik, 20-25 minutt? Eg spår store overskrifter med mykje større trafikk enn venta om ikkje så lenge!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...