fredag, desember 01, 2023

Dagbok 2023: 1.desember



Eg passar LOLLO mens Marit er vekke, eg gir henne mat på trappa for ho vil ikkje inn. Men ho kjem når eg går ut på trappa og ropar på henne.


Klokka er no15.07, temperaturen er minus 2 grader C, på skjermen min står 
det :" Snøen slutter"  og det er no bra. Sjølve snøen er ikkje så umuleg, men det som er dumt er at under den nye snøen ligg den gamle snøen og er hard som is. Det er litt ugreitt å gå på tunet.

I dag synest eg at eg har fått gjort mykje på relativt kort til. Først tok eg fredagsvasken, og det var såpass opplett at eg fekk ha ut alle teppa på soverommet. Eg hadde bestemt meg for å fare til Vik, men så låg sudokuen som eg måtte gi opp i går kveld, på bordet, og då eg såg den løyste eg resten ståande ved bordet. Så var den i boks.

Eg kledde meg om litt og så køyrde eg rett ned på bensinstasjonen- Eg har ikkje bensinmålar som virkar, så eg må få det på følelsen når eg treng meir bensin, og i dag fekk eg fylle mykje. Eg var også ein tur ned på Clas Olson, men mat kjøpte eg på KIWI på vegen heim. Eg syntest eg hadde fått gjort mykje, for klokka var ikkje meir enn ca.14. No har eg ete, og fyrt litt i omnen etc. Så no skal eg slappe av ei stund. Men eg har tenkt å pynte litt meir til advent/jul.

Eg liker ikkje at det kjem meir snø no, men det er i alle fall mindre kaldt. Då eg gjekk tur med piggskorne i går, fekk eg litt vondt i høgre foten der hoftekula er, eg er ikkje heilt god i dag heller, så eg skoftar trimmen. Eg Var låk i venstrefoten i nærmare 10 år, men den er bra no. Eg vil ikkje ha samme historia med høgrefoten viss eg kan unngå det.

Ønsker alle ei god helg , første sundag i advent er det også.





 

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...