Klokka er 19.30, det har vore skya, men opplett i dag, sola var så vidt framme. Temperaturen er no +4 grader C, max temp i dag var +11 grader.
I dag har eg gjort berre vanleg dagleg husarbeid; oppvask, klesvask, brødbakst etc.- i tillegg har eg strikka ein del. Har lese litt i boka mi mens eg strikka, så no nærmar eg meg slutten.
Nils var ein tur opp i skogen. Ein nokså innhaldslaus dag, eigentleg, men det er heilt greitt.
Vi åt nybakt brød til lunsj og sein middag, så no kjenner eg at eg har gått glipp av middagskvilda.
På TV er det berre sport, så eg trur eg går inn på rommet mitt og strikkar litt. Skal vere glad når det blir slutt på VM-så vi kanskje får sjå noko skikkelig på TV.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar