Klokka er snart 19.00. Temperaturen er + 5 grader C og det har vekselvis regna, sludda og hagla i heile dag.
I grunnen var det heilt greitt med slikt vêr sidan eg hadde mykje å styre med inne. Først rydda eg, for eg kan ikkje sette meg til med anna arbeid når det flyt rundt meg. Så sette eg meg til for å skrive referat, det gjekk ganske fort og lett når eg først kom i gang.
Neste post på programmet var støvsuging, men vaskinga utsette eg til i morgon sidan eg skal bake litt først.
Etter at vi hadde ete litt tok vi ein tur til Vik og handla diverse saker og ting. Matvarer handla vi på Kiwi i dag. Og så vart det tid for ein liten pause på sofaen med lydbok.
I dag fyller svigerinna mi på Eid 70 år. Eg har kjent henne sidan ho var 18-19 år, så det tek til å bli ei stund. Eg har ingen søstrer, så Bodil er det nærmaste eg kjem å ha ei. Skulle gjerne vore der på den store dagen, men tida strakk ikkje til. Vi tek det att ein annan gong ! Der er sikkert mange gjestar sidan barn og barnebarn ikkje er langt unna, dvs.ikkje alle dei eldste barnebarna bur på Eid lenger.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok :Julaftan 2024
Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
Takk for helsingar på 70-årsdagen min. Barn, svigerbarn og 4 av barnebarna har vore her + Anne Marie, Rannveig og Elin/Jostein. Kusine Berit var her med blomst tidleg på dag og det vart ein kopp kaffi og kransekake i lag med henne. Audny har vore her i heile dag og styrt på kjøkkenet. Godt med hjelp, kjenner at eg ikkje er ung lenger. Mange blomehelsingar, meldingar på mobil og FB. Vi sakna deg og Nils, men får ta det igjen ein annan gong. Ønskjer dykk god helg og lukke til med konfirmanten dykkar!
Takk for det, Bodil. Du veit eg ville gjerne ha vore der, men det vart litt mykje akkurat no. Vi ventar Anne Marie med bussenklokka 16 i dag.
Legg inn en kommentar