mandag, september 10, 2012

Vêrmelding 10.september - 2012

Klokka er 23.15. Ute er det +12 grader C og regn. Elles har vi hatt ein fin dag men lettskya og mildt ver, og før middag var det opplett.
I dag fekk vi besøk av kusine Ellen Marie og hunden hennar, Mixie.
Det var stor stas for ungane då Margrete og dei to yngste kom til middag.Hunden var så passe stor til å leike med. Elles har dagen stort sett gått med til mat og prat. Ellen Marie skal overnatte, så vi får litt ekstra tid i lag.
Mixie har tatt kvelden, men er framleis litt på vakt.
I dag kan vi gratulere Leon Roald med dagen?

5 kommentarer:

arieldog sa...

Den hunden var populær både blant store og små!

Besta sa...

Ja, du skulle sett i dag då ho fekk springe laus i Bjørdalen.Trur ho må vere bra trøtt no.

arieldog sa...

Huff, eg saknar å ha hund!

Besta sa...

Denne hunden var passe liten/stor til å ha både inne og i bil, og vart etter kvart veldig rolig. Men ein blir bunden -ikkje så lett å reie når ein har hund t.d.

Besta sa...

reise-ikkje reie, det hadde vel gått bra

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...